04/24/2007

russetida

da nerma seg russetid, og eg som avgangselev har nok ikkje noko anna val enn å stilla opp. den raude dressen er for lengst kjøpt inn, og ligg klar for strykemerkepåstryking nede på rommet mitt. klassen fekk og ein kasse med rissekorta til alle, og mine deriblandt. dei såg heimalaga ut for å sei da sånn. (eg har diverre ingen bilete av da her.. men skal sjå om da e mogeleg å skaffa)
i anledning våren so har eg og skreve eit vårdikt i leksa til min mellomste bror og da ser soleis ut:

sola er framme,
støvlane er klamme.
sølepytten har nesten tørka opp,
eg kastar ein stein, det seier "plopp".
eg kjenner varmen nedetter ryggen,
så eg går og setter meg i skyggen.
plukker meg ein løvetann,
gir den til ein gammal mann.
våren den har kome no,
fram med mine fotballsko.medium_kvitveis.jpg
eg veit ikkje kor aktive de syns eg e her inne. men eg prøve so godt eg klara.. eg må kanskje ta å stryka på nokon merke etter kvart.. har diverre ingen kule. men skal bruka dei eg har så godt som da går an. so får me sjå korleis da går med resultatet. :D

04/17/2007

verdens sterkaste jenta!

no tenkte de kanskje eg skulle skriva eit inlegg om meg sjøl, men so feil kan ein ta.
detta inlegget e dedikert til ho INA, so eg faktisk tør påstå e den sterkaste jento jaffal på denne sido tå jordkloden. for dei so kjenne Ina so veit dei at ho har eit fæla bal for tida (noko ho har hatt i veldig lang tid) og at ho står på og ikkje gjer seg er faktisk utrulig imponerande! da e alldri klage i stemmen hennas, alltid eit friskt smil, og ei tru på morgondagen. her sist veka so la ho ut eit inlegg på bloggen sin so va soleis:

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke
å løpe fortest
å hoppe lengst eller
å løfte tyngst.

Å være stor er ikke
alltid å vinne
alltid å ha rett eller
alltid å vite best.

Å være sterk er å
se lyset når det er mørkt
sloss for noe man tror på
selv om man ikke har flere krefter igjen
og se sannheten i øynene selv om den er hard.

Ina er nett slik som dette. ho spring ikkje fortast (for tida) ho hopper ikkje lengst, eller løfert tunge ting, ho er på ingen måte stor, og ho føler kanskej at ho har tapt. eg trur at ho i mangen tilfelle har rett, og at hennar kunnskap er over mangen si viten. men ho klarar å sjå lyset når det er mørkt, ho sloss for det ho trur på og ho gir seg ikkje. kreftena hennar er brukt opp for lengst, men likavel er det meir enn nok til å driva ho framover. det er styrken hennar. ho er så sterk at ingenting kan knekka henne. ho ser fram mot små gleder som eg på ingen måte ville våge å ta frå ho.
eg og alle som kjenner henne unnar henne alt det beste, og me ser fram mot den dagen der du skal få ete pizza, taco og nett kva du vil.
Ina, tru mine ord! du er den aller sterkaste. ein gir seg ikkje på oppløpet.. det er ingen vits å sømje litt over hallvegs og så snu og symje attende. veien du har att, skal du ikkje gå aleina. Du vert boren i Guds armar. eg ser at du er trøtt, og eg kan ikkje gå alle skritta for deg, du må gå dei sjøl. men du skal veta at om eg kunne ha gjort noko. om so da skulle kosta meg alt eg har, so skulle eg ha gjort da for å letta deg frå di bør.
ikkje gi deg Ina! eg skal halda handa di, og du skal få sjå, at din styrke overvinne all menneskelig fornuft. Ingen kunne ha klart detta betre enn du. INGEN!!!!!!
du er faktisk ikkje berre den sterkaste, men den tøffaste, modigaste, og mest uthaldande personen som finnst. eg lover deg. min styrke er ingenting i forhold. du er mitt førebilete. og hadde eg hatt halvparten av din styrke hadde eg aldri bedt om å få meir..
ver den du er! så sterk som Gud har gjort deg. Han har alltid alt du treng! all styrke og tolmodighet!

04/12/2007

bursdagsrush!!

no e da atter bursdagstid, og i dag e da Solbjørg og Kathrine som har bursdag. begge "Waterfall" til etternavn..omtrent. I går hadde då og Silje bursdag, og detta tar heilt av no i April.medium_football-pic.jpg
kanskje ikkje da aller besta biletet, men da fungerar.
eg må berre få lov å ynskja dykk lykke til vidare, og ein kanonheise 19 års dag i dag! me skal på alle måtar treffast i kveld. so da vert berre lekkert. må dykk få alt dykk ønskjer dykk, og endå meira (som dykk overhovudet ikkje ynskjer dykk)(frå meg bla.) og so e da dumt dykk har relativt nyvasst bil, eller so hadde den blitt rein i dag om ikkje anna....
...... no gjekk eg litt tom for idear å skriva, men da e sama lukkeønskningar til dykk, som til dei førre gratulantane innpå her!!!!!! so gratulasjonifisering til dykk.. (martin datt heilt i dass her attmed meg...ligg i ein dunge og søv) Heia VHFK! (not)

08:37 Posted in Blog | Permalink | Comments (5) | Email this

1 2 3 Next